Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Generasjon Z

Ungdommen nå til dags.. Alt var betre før! Slike utsegn har eksistert til alle tider, vil eg tru. Generasjonskløfter er ei naturlov. Men generasjon Z, ungdom og unge vaksne fødde omtrentleg mellom 1996 og 2012; har fått ekstra mykje merksemd dei siste åra. Har dei fått eit ufortent dårleg rykte?

Dei blir kalla snøfnugg eller persilleblad fordi dei er hårsåre og toler lite. Samstundes er dei ekstremt opptekne av å ta vare på seg sjølve, og optimaliserer livet med ein snusfornuftig sunn livsstil. Quiet quitting»-generasjonen har høge krav til balanse mellom jobb og fritid. Dei vil ikkje overbelaste seg og bli utslitne og utbrente som foreldra. Dei vil ha heimekontor og fleksitid. Dei veit kva rettar dei har, og står på krava.

Dei er også den første generasjonen som har hatt ei heildigital oppvekst med internett og sosiale media. Dei har høg digital kompetanse, og tar i bruk kunstig intelligens like naturleg som me andre sjekkar e-posten. Det er interessant at akkurat denne generasjonen, som har hatt sin oppvekst i ei ukritisk digital verd; sjølve har fokus på å ta kontroll over skjermbruk og frontar digital detox».

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS