Leah Knudsen, Vilde Heimdal Jakobsen, Serina Victoria Ådnanes, Ester Fosse og Martine Øverlid frå Lundeneset vgs. gav kongen og dronninga eit handlenett i gåve. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Leah Knudsen, Vilde Heimdal Jakobsen, Serina Victoria Ådnanes, Ester Fosse og Martine Øverlid frå Lundeneset vgs. gav kongen og dronninga eit handlenett i gåve.
Dronning Sonja kunne reisa heim igjen med eit handlenett laga av elvebedrifta Reuse i hand.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dronning Sonja kunne reisa heim igjen med eit handlenett laga av elvebedrifta Reuse i hand.
Dronning Sonja og Kong Harald lytta interessant til kva Ole Marthin Granberg hadde å fortelja om hanskebedrifta på Bjoa. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dronning Sonja og Kong Harald lytta interessant til kva Ole Marthin Granberg hadde å fortelja om hanskebedrifta på Bjoa.
Inga Steinsland og Eivind Lien frå Vindafjordbonden i samtale med dagens heidersgjester. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Inga Steinsland og Eivind Lien frå Vindafjordbonden i samtale med dagens heidersgjester.

Kongebesøket

Gav dronninga handlenett i gåve

Elevbedrifta Reuse ved Lundeneset vidaregåande skule var blant bedriftene i Vindafjord kommune som fekk helsa på kongen og dronninga. Som takk for besøket fekk dronninga eit handlenett i gåve.

Publisert Sist oppdatert

— Me fekk vist fram handlenetta våre. Dei er hundre prosent bærekraftige og dei fekk med seg eit nett med flagget på. Nettet var laga spesielt til dei, seier Leah Knudsen (17), Vilde Heimdal Jakobsen (17), Serina Victoria Ådnanes (17), Ester Fosse (18) og Martine Øvrelid (18) ved elevbedrifta Reuse på Lundeneset.

Å få kongen og dronninga på besøk på bedriftsstanden i Ølen var ei stor oppleving, og dei unge bedriftseigarane var svært stolt over å ha fått ein prat med dei kongelege.

— Dei var veldig koselege og det var veldig stas å få helsa på dei. Dei stilte mange spørsmål, seier dei unge damene.

Dronning Sonja kunne reisa heim igjen med eit handlenett laga av elvebedrifta Reuse i hand.

Utvalde bedrifter

Til saman fem bedrifter var representert under kongebesøket i Vindafjord. Arriva Shipping AS, FAVO/infoskjermen, hanskeprodusenten Granberg AS, Vindafjordbonden og Reuse var plukka ut til å representera set rikhaldige næringslivet i kommunen, og etter at det offisielle programmet var over la kongen og dronninga turen innom dei ulike standane for få ein kort prat med eigarar og representantar frå bedriftene.

Dronning Sonja og Kong Harald lytta interessant til kva Ole Marthin Granberg hadde å fortelja om hanskebedrifta på Bjoa.

— Eg fekk fortalt om bedrifta der eg har jobba i over 40 år, og alt me har utvikla sjølv. Kongen var interessert i å høyra og dronninga spurde kor mange typar me har i sortimentet. Då eg fortalde at me hadde over 200 typar blei dei forundra, seier Ole Marthin Granberg som samen med sonen Mathias Granberg stilte opp for familiebedrifta frå Bjoa.

Vindafjordbonden

Landbrukskommunen Vindafjord var representert ved Vindafjordbonden. Hans Majestet høyrde interessert etter då representantar frå interesse-organisasjonen i Vindafjord fortalde om landbruket i kommunen.

Inga Steinsland og Eivind Lien frå Vindafjordbonden i samtale med dagens heidersgjester.

— Det var veldig kjekt å få møta Kongen, og ei ære å få bli vist fram, seier Inga Steinsland.

Bedriftsbesøket var siste post på programmet før Kong Harald og dronning Sonja steig inn i sin staselege Audi A8 for å bli frakta ned til kongeskipet. Vinkande og med handlenettet frå Lundeneset i hand vinka dei to farvel til store og små som hadde møtt opp ved Sjøperlo for å få eit blikk av dei kongelege gjestene.

Powered by Labrador CMS