Haugaland og Sunnhordland tingrett. Arkivbilde
Fyllekøyrde på E134 med høg promille
Eiin mann i slutten av 40-åra blei nyleg dømt for promillekjøring etter å ha blitt stoppa av politet ved Hodnafjell i Tysvær kommune den 7. oktober i fjor. Han var påverka av alkohol, og blei målt til ein promille på 2,5.
Mannen forklarte at han hadde drukke alkohol hjå ein ven i Vindafjord, og til tross for at han ikkje hugsar å ha sett seg i bilen, køyrde han heimover. Mannen innrømde forholdet i retten, og forklarte at han ikkje kunne gjere greie for seg under køyringa.
Retten fann det bevist at mannen handla forsettleg, og la vekt på den høge påverkningsgraden og faren dette medførte for seg sjølv og andre trafikantar. Retten slår fast at promillen på 2,5 er svært høg, og køyringa skjedde på ein hovudveg, noko som aukar risikoen for alvorlege ulukker.