Tysdag kveld var det ikkje lett å finna ledig stol i idrettshallen i Skjold. Over 700 stolar var sette ut, og i tillegg blei galleriet opna for bygdefolk som ville ta del i feiringa. Resultatet blei eit fullsett lokale med foreldre, søsken, besteforeldre og naboar som fekk oppleva ein jubileumskveld utanom det vanlege.
— Dette er først og fremst ein fest for elevane og foreldra, men me har også opna dørene for bygda, fortel inspektør på Skjold skule, Kari Synnøve Velde Haugen.
Fem tiår på scenen