— Men vi har eit landsmøtevedtak. Og det landsmøtevedtaket seier at vi ønskjer ein Senterparti/Arbeiderparti-basert regjering. Så er det opp til sentralstyret i tida framover å forvalte det vedtaket, seier ho til NTB tysdag.
Usikkerheitsmoment
Korleis Sp vil stille seg til regjeringssamarbeid med SV, har lenge vore eitt av dei største usikkerheitsmomenta på raudgrøn side. Sps sentralstyre skal møtast allereie torsdag denne veka for å diskutere saka.
— Er det aktuelt å gå inn i ei regjering der SV er med?
— Vi har sagt at vi føretrekkjer ei Arbeidarpartiet/Senterpartiet-regjering. Så vil samtalane utover veka klarleggje kva det faktisk er moglegheit for, seier Arnstad.
Dagen etter stortingsvalet ligg Senterpartiet an til å få rundt 13,6 prosent av stemmene og 28 representantar i Stortinget.
Med Arbeidarpartiets 48 mandat og SVs 13 er det no grunnlag for ei fleirtalsregjering med 89 mandat. Samtidig har valresultatet styrkt Sps sjølvtillit, og internt i partiet blir det påpeika at Sp er meir enn dobbelt så store som SV i talet på mandat.
Nei – og ja
Sp-nestleiar Ola Borten Moe seier til Adresseavisen at han helst vil ha ei mindretalsregjering av Ap og Sp – med SV som støttehjul.
— Sit du i regjering saman, må du vere samd om absolutt alt, forklarer han.
Sps andre nestleiar Anne Beathe Tvinnereim er ikkje like kategorisk som Borten Moe.
— Vi har ikkje lukka nokon dører for SV, uttalte ho til NTB måndag kveld.
Blant dei som vil ha SV med i regjering, er parlamentarisk nestleiar Kjersti Toppe.
— Viss Borten Moe går ut og seier mindretalsregjering, så kan vel eg seie at eg vil ha med SV, seier Toppe til Aftenposten tysdag.
Andre som har stilt seg på ja til SV»-sida, er partiveteranen Per Olaf Lundteigen og tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete.
Borten Moe får støtte
Overfor NTB uttrykkjer likevel fleire av Senterpartiets fylkesleiarar støtte til Borten Moes syn.
— Utgangspunktet vårt er ei regjeringsplattform basert på Sp og Aps politikk, og eg trur dette vil gi størst gjennomslag for Sps løysingar. Vi har i dag ei mindretalsregjering, det vil òg kunne fungere godt for ein Sp/Ap-regjering, seier fylkesleiar i Oppland Kjersti Bjørnstad.
Dei neste dagane skal partileiinga mellom anna rådføre seg med fylkesleiarane.
Fylkesleiar Margrethe Handeland i Agder meiner det same som kollegaen sin i Oppland.
—Agder Sp støttar landsmøtevedtaket om ein Ap/Sp-basert regjering, skriv ho i ein SMS til NTB.
Usikker
Fylkesleiar i Vestfold Kathrine Kleveland er derimot meir usikker.
— Eg er veldig glad for at valresultatet gir moglegheit for ei fleirtalsregjering utan støtteparti og ser den moglegheita, men vil ikkje seie noko klart om kva som er best enno, seier ho.
Toppe understrekar på si side at landsmøtevedtaket om ein Ap/Sp-basert regjering ikkje ser bort frå SV.
— Det treng ikkje sjå bort frå SV. Det er faktisk ein forskjell der, seier ho til Aftenposten og peikar på at SV og Sp kan finne saman mellom anna i helsepolitikken.