Full fart og deltakarrekord under årets Bjoa Halvmaraton
Solskinet lokka rekordmange små og store løparar til årets store løpsfest på Bjoa og det blei trongt om plassen på startstreken då over 130 løparar la i veg samstundes.
Det er laurdag føremiddag og klart for Bjoa Halvmaraton. På idrettsbanen yrer det av liv og små og store som kosar seg i seinsommarsola. Årets halvmaraton er nummer fem i rekkja og aldri før har arrangøren Bjoa Idrettslag hatt så mange namn på deltakarlista. Løpet er delt inn i to distansar, halvmaraton og ei kortare løype på ti kilometer, og begge klassane med til saman 132 løparar stiller til start samstundes. Løpstart er sett til klokka elleve og medan dei ivrigaste tek seg ein oppvarmingsrunde eller to på idrettsbanen nyttar andre tida til å slappa av før startskotet går.
Deltakarane varierte i alder, frå heilt unge til godt vaksne på over 60 år. Blant dei yngste deltakarane er søskenparet Celina (10) og Olav (8) Vegner frå Haugesund, Dei stilte til start i flunkande nye jobbesko med sitt eige namn på, og la bak seg ti kilometer på litt over ein time. For dei fleste er dette ei strålande tid, men for 8 år gamle Vegner var tida 1.o5 litt skuffande.
— Eg kunne sprunge litt fortare. Eg sprang fortare i fjor. Eg likte ikkje oppoverbakkane, seier Olav etter at målstreken er passert.