89 skiløparar stilte til start under Telenor Karusell 2021 på Fjellstøl
lFOTO: Foto: Irene Mæland Haraldsen
Full fart i skiløypa
Innsatsviljen var på topp då 89 små og store skiløparar stilte på startstreken under årets første skirenn på Fjellstøl.
Snømangel sette ein stoppar for fjorårets skisesong på Fjellstøl, men onsdag kunne skigruppa i Vindafjord Idrettslag igjen kalla inn til skirenn. Sesongens første renn, Telenor Karusellen 2021, samla 89 skiløparar frå skulealder til seniorklasse frå Vindafjord og Etne i lysløypa på Fjellstøl i Sandeid, og med dei rette koronatiltaka på plass blei det eit vellukka skistemne der små og store fekk prøva seg i skisporet.
Rikeleg med snø og god gli vog opp for duskregnet som smaug seg inn over fjellheimen like før start, og dei yngste renndeltakarane let seg ikkje stoppa av nokre få regndråpar då dei la i veg på den kilometerlange løypa fulle av innsatsvilje og skiglede. Dei yngste skiløparane i klassen opp til 10 år gjekk ei løype på ein kilometer, skiløparar frå 10 år og oppover fekk bryna seg på ei litt lengre løype på 2 kilometer medan seniorklassen si løype var på 10 kilometer.
Sjå reportasje i måndagerns papirutgåve av Grannar!