Frp vil ha Stortinget med seg på å stanse bruken av metanhemmande stoff i fôret til kyr permanent. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Frp vil ha Stortinget med seg på å stanse bruken av metanhemmande stoff i fôret til kyr permanent.

Frp vil stanse all vidare bruk av metanhemmarar

Frp ber norske styresmakter stanse all bruk og vidare utprøving av metanhemmarar i fôret til norske kyr. No skal Stortinget ta stilling til saka.

Publisert Sist oppdatert

– Metanhemmarar er endå eit døme på symbolsk klimapolitikk. Det er ikkje nokre få norske kyr som skal redde verda». Vi har cirka 300.000 kyr, medan det i Brasil er nesten 200 millionar og i India omtrent 300 millionar heilage» kyr, seier landbrukspolitisk talsperson for Frp Tor André Johnsen.

Torsdag fremja Frp eit forslag i Stortinget der dei krev at regjeringa må stanse all bruk og vidare utprøving av metanhemmarar i norsk landbruk, deriblant tilsetjinga Bovaer, og at det ikkje blir lov å innføre tilsvarande produkt.

Nyleg bestemde Norsk melkeråvare, som er del av Tine, å stanse bruken av det metanhemma stoffet Bovaer i fôret til kyr inntil vidare.

Avgjerda kom etter rapportar frå bekymringsmeldingar frå danske bønder om bruken av fôret.

– Med forslaget vårt ønskjer vi ein varig stans. Det verkar dessverre ikkje som om regjeringa har tenkt å ta tak i dei problematiske sidene ved alle dei klimakrava som dei pålegg landbruket, seier Johnsen.

Metanhemmarar i fôret til kyrne skal sørgje for at dei slepper ut mindre av klimagassen metan, altså at dei rapar og prompar mindre.

I samband med årets landbruksoppgjer vart regjeringa og Bondelaget samde om å jobbe for eit nytt krav om at ein må bruke metanreduserande fôr innan 2027 for å få husdyrtilskot.

Stortingsrepresentant Pål Morten Borgli (Frp) seier det var klokt av Norsk melkeråvare å stanse bruken mellombels, men han krev no at det blir permanent.

– Forbrukarane var allereie skeptiske før dei negative hendingane i Danmark og Noreg. Etter rapportar om sjuke og døde dyr er tilliten ytterlegare svekt. Vi er heilt avhengige av tilliten til forbrukarane til at norsk mat er rein, sunn og god, seier Borgli.

(NPK)

Powered by Labrador CMS