Grethe Tesdal peikar mot Høylandshovda der det er planlagt store høgspentmaster midt i naturen i Etnefjellet. Også i Strypeheiene, på toppen av fjellet bak Johan Strømsvold (t.v.) og Dag Neraal, er det planlagt master. Dette kjempar trioen i mot med nebb og klør.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Frir til Barth Eide
Dag Neraal, Grethe Tesdal og Johan Strømsvold i aksjonsgruppa Forum for sjø- og jordkabel frir nå til klima- og miljøvernminister Espen Barth Eide (Ap) for å få saka om krafttrasé opp i Stortinget.
Onsdag 8. februar kom innstillinga frå NVE om at Statnett får løyve til å byggja ut ny 420 kV-kraftlinje i luftspenn frå Blåfalli i Kvinnherad til den nye transformatorstasjonen i Gismarvik i Tysvær. Traséen går dermed også gjennom Etne og Vindafjord kommunar, via Strypeheiane i Etnefjellet og til næringsområdet på Nerheim.
Meldinga kom same dag som Verdens naturfond (WWF) inviterte til nachspiel for å informera og samtala om naturavtalen som blei inngått i desember 2022. Den blir også omtala som den viktigaste avtalen som er inngått i verda dette tiåret, men kva seier avtalen, kva betyr den for Noreg, og korleis kan avtalen bidra til å løysa naturkrisa? Dette var tema for nachspielet.
Trioen i FSJT følgde klimanachspielet som WWF arrangerte, og synest det var veldig spennande å høyra at ei endeleg skal ta omsyn til naturen. Med dette oppfatta forumet at regjeringa meiner alvor, og forstå at klima og miljø går hand i hand. Det er som hjarta og lunger; ein treng begge deler for å fungera, meiner dei.