Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Frank Stople, keeper i FK Haugesund.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Sist Frank Stople stod i mål for FK Haugesund i Eliteserien, var i siste serierunde i fjor. På søndag fekk han sjansen igjen då FK Haugesund vann 3-1 over Vålerenga.

Frank Stople debuterer i søndagens FKH-kamp

Publisert Sist oppdatert

Søndag melder Haugesunds Avis at FKH-målvakt Helge Sandvik må stå over kampen mot Strømsgodset grunna luftvegssjuk person i nær relasjon, og i følgje smittevernprotokollane må han dermed halda seg heime.

Det betyr at keepertalentet Frank Stople får sjansen frå start, og for 18-åringen blir dette debuten på FKH sitt førstelag.

I august blei opptur til nedtur då Stople først blei tatt ut til landslagssamling og opplading mot EM-sluttspel, før samlinga blei avlyst grunna korona. Ølensbuen, som nå er ein del av FK Haugesund sitt team, er etter kvart blitt ein erfaren spelar på aldersbestemte landslag i Noreg og landslagssamlinga han skulle vore med på i august, var det norske G18-landslaget, under leiing av Luis Pimenta. Målet var EM-sluttspelet til neste år. — Det er veldig kjekt å bli tatt ut til landslagssamlinga. Då får eg treffa igjen spelarar eg har trena med før, og dette er spelarar med eit høgt nivå. Eg ser føre meg at det blir ei svært god og lærerik veke med mykje trening. Ei oppleving som eg kjem til å få eit godt utbytte av, sa Stople til Grannar før kontrabeskjeden kom.

Powered by Labrador CMS