Kommuneval 2023
Framstegspartiet er størst i Etne
Om partiet med flest stemmer og personen med flest personstemmer får ordførarvervet i Etne er det Kenneth Karlsen (35) som blir den nye ordføraren i kommunen.
Tysdag ettermiddag kom dei siste førehandsstemmene inn, og for Etne Framstegsparti betyr det at dei er vinnarar av kommunevalet 2023. Framstegspartiet fekk 575 stemmer totalt, og Kenneth Karlsen fekk 329 personstemmer i tillegg til 140 slengarar. Senterpartiet fekk tre stemmer mindre enn Framstegspartiet og landa på 572, og ordførarkandidat Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim fekk 276 personstemmer og 87 slengarar.
Vidare fekk Arbeidarpartiet 315, stemmer, Høgre 203, mens Kristeleg Folkeparti fekk 190. Industri- og Næringspartiet har fått 167 stemmer, Venstre fekk 88 og Raudt fekk 48 stemmer frå veljarane.
Venstre inne igjen
Desse nye stemmetala gir desse mandata i kommunestyret: Framstegspartiet får behalda dei fire mandata dei har hatt denne perioden, mens Senterpartiet mister tre og landar på fire. Arbeidarpartiet får tre mandat, som er ein meir enn dei har hatt i siste periode, og Høgre går opp frå ein til to mandat i kommunestyret. Kristeleg Folkeparti får behalda sine to, mens både Industsri- og Næringspartiet, og Venstre får kvart sitt mandat. Dermed er Venstre inne i varmen igjen, etter at dei siste førehandsstemmene blei lagt til.
Mandatfordeling
| Parti | Mandat | Endring |
| Framstegspartiet | 4 | 0 |
| Senterpartiet | 4 | – 3 |
| Arbeidarpartiet | 3 | + 1 |
| Høgre | 2 | + 1 |
| Kristeleg Folkeparti | 2 | 0 |
| Industri- og Næringspartiet | 1 | +1 |
| Venstre | 1 | 0 |
Tysdag kveld er forhandlingane mellom partia i gang på tinghuset i Etne, og korleis kabalen blir lagt til slutt er først klart når forhandlingane er i mål.