Grethe Austevik Halvorsen blir kyrkjeverje i Vindafjord. ARKIVFOTO
Frå skulen til kyrkjeleiar
— Eg tenkjer at om eg skal prøve noko anna, så må eg gjere det no, fortel Grethe Austevik Halvorsen (59).
Ho kjem frå jobb som lærar på Vågen oppvekstsenter, og har mellom anna vore rektor ved Vats skule tidlegare. Under eit møte i Vindafjord kyrkjelege fellesråd 7. april fekk ho tilbod om den nye jobben.
Vatsbuen synest det blir spennande å ta fatt på den nye stillinga, som ho omtalar som ei spesiell rolle. Sjølv om ho har vore aktiv i menigheitsarbeid, har ho ikkje drive med noko slikt før.