Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bygg og bu

Frå rivingsobjekt til prakteigedom

Publisert Sist oppdatert

Bak kvitmåla stakittgjerde og omkransa av frodige blomsterbed ligg det koselege gardstunet til Randi Berge. Hovudhuset og løa har stått på tunet i Sandeid sidan det blei bygd på starten av 1930-talet, og etter at 56-åringen frå Ølensvåg kjøpte det vesle folgetunet for fire år sidan har dei gamle bygningane fått selskap av både eldhus og drivhus.

Den sju mål store eigedomen hadde stått fråflytta i over 25 år og bar sterkt preg av forfall då den nye eigaren overtok. Løa var i ferd med å ramla ned. Hagen var overgrodd av tre og buskar. I hovudhuset var dei fleste vindauge knuste og ein halvmeter med vatn dekka kjellargolvet. Men for Randi var dette draumetunet. Ho er utstyrt med eit ekstra stort hjarte for det gamle og mista ikkje motet sjølv om det meste var til nedfalls.

— Garden blei kjøpt som eit rivingsobjekt. Eg synest gamle hus er estetisk vakre og eg har interesse av å ta vare på gamle ting, seier Randi Berge.

Powered by Labrador CMS