Forskarar ved Universitetet i Oslo undersøkjer om brå endringar i mengda av visse mikroorganismar kan vere eit teikn på at kreft er i ferd med å utvikle seg.
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Forskarar granskar samband mellom tarmsopp og kreft
I forskingsprosjektet CRCbiome ved Universitetet i Oslo prøver ein å finne ut om mikroorganismar i tarmen kan gi eit tidleg varsel om tarmkreft, skriv UiO Forskning.
Ekaterina Avershina, forskar ved Farmasøytisk institutt og Universitetssjukehuset i Oslo, forklarar at målet er å oppdage kreft tidlegare enn med dagens screeningmetodar. Dei undersøkjer om brå endringar i mengda av visse mikroorganismar kan vere eit teikn på at kreft er i ferd med å utvikle seg.
– Utfordringa er at vi veit mykje mindre om soppane. Nokre artar er gunstige for oss, andre er skadelege, seier Avershina.