Kommuneval 2023
Formannskapsplass sikra avtale
Sp, Ap og KrF dannar ordførarkoalisjon i Vindafjord dei neste fire åra, slikt dei har gjort i denne perioden. Plass i formannskapet var avgjerande for at Ap haldt seg til koalisjonen.
— Formannskapsplass var kravet vårt i forhandlingane, fortel Wenche S. Lilleland (Ap).
Like før klokka 20.50 tysdag kveld informerte Ole Johan Vierdal (Sp) resten av politikarane på rådhuset i Ølen om at han har komme til semje med KrF og AP og har fleirtal til ein ny periode som ordførar. Gustav Løge Fosse (KrF) held fram som varaordførar.
— Me har ein avtale om ordførar, varaordførar og formannskap, samt at me skal bli einige om budsjett og kommuneplan, opplyser Vierdal.
Dei tre partia gjekk i møte med Vindafjordlista etter at dei var einige seg i mellom, men kom ikkje fram til ein avtale med Vindafjordlista.
Tidlegare rådmann i formannskapet
Lilleland opplyser at det var harde forhandlingar og vanskeleg å velje side denne gongen, men plassen i formannskapet blei avgjerande. Lilleland forklarar at det ligg mykje tyngde i å sitte i formannskapet. Ap sin representant der blir Øyvind Valen.
— Eg ville ha Øyvind i formannskapet, og han fekk jo også fleire personstemmer enn meg, seier Lilleland.
Valen har erfaring frå politiske møte frå tida som rådmann i Suldal og fungerande rådmann i Vindafjord. Med seg i formannskapet får Valen med seg Løge Fosse, Vierdal og to kvinner frå Senterpartiet. Det skal vere minst 40 prosent av kvart kjønn i kommunestyret. Som følgje av det går Sp sin gruppeleiar Jan Idar Haugen ut. Opposisjonen får dei fire siste medlemmene i formannskapet.
— KrF er litt feige
For varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) var det ein god kjensle å få landa ein avtale.
— Me ser fram til å vere med å utvikle kommunen vidare, seier Løge Fosse.
Like god stemning var det ikkje blant opposisjonen. For Mats Årvik (Frp) kjentest det som eit lite nederlag å måtte helde fram i opposisjon.
— Det utroleg skuffande at me ikkje fekk eit nytt fleirtal i Vindafjord nå. Eg synest KrF er litt feige, seier Årvik utan å ville utdjupe det.
Sjå Høgre sin ordførarkandidat Modolf Haraldseid sin reaksjon på at det ikkje blei eit maktskifte her:
Vil avslutte skikkeleg
Den store vinnaren i forhandlingsrunden blei Ole Johan Vierdal (Sp) som kan ta fatt på sin fjerde periode som ordførar. Han er ikkje heilt einig med Lilleland i at det var harde forhandlingar, og viser til at partia fekk nokre avklaringar allereie måndag kveld, før gruppene hadde interne møte i sine forhandlingsutval som gjorde at det tok til tysdag før dei siste stega til semje blei tatt.
— Du er aldri trygg, men me hadde eit godt utgangspunkt, seier Vierdal.
Han understrekar at det først er 24. oktober det blir 100 spikra at han blir valt, sjølv om partia har skrive ein avtale og akkurat har fleirtal i kommunestyret med sine til saman 13 mandatar. Vierdal seier at det er kjekt å vinne val, men at det ikkje er det som er drivkrafta for at han går på det som truleg blir hans siste fire år som ordførar.
— I denne perioden hadde me koronapandemien og eg var vekke med eit år langt sjukefråvær. Det kan bli godt å få avslutta med ein skikkeleg periode. Det er mange spennande prosjekt på gang, seier ordføraren.
Vierdal lister opp vegprosjekt, kommuneplanen, mykje spennande innan landbruk, industriområdet på Nerheim og interkommunale prosjekt blant det han ser fram til. Som den største utfordringa den kommande perioden meiner han at Vindafjord er i same situasjon som alle andre kommunar i landet.
— Det er å få opp innbyggjartalet og få folk til å trivast i kommunen, seier Vierdal.
Vil bygge bru til Ølen
Sjølv om Sp blei det klart største partiet i Vindafjord var ikkje alle valkrinsane lys lesing for Vierdal. I Ølen fekk partiet berre 10,8 prosent av stemmene. Misnøya mot kommunen og Vierdal frå salen var også til å ta og føle på under debatten i Ølen kulturhus før valet. Nå håpar Vierdal å nå betre fram til folk i kommunesenteret.
— Me må prøve å bygge bru og samordne kommunen betre. For å ha eit sterkt kommunesenter må ein ha sterke bygder, og motsett, seier ordføraren.
Eit av dei sentrale punkta på debatten var situasjonen på Ølen skule, særleg kva gjaldt støy frå trafikken på E134. Vierdal seier at kommunen nå må sjå på støytiltak for skulen. Noko som kan få ned trafikkflyten forbi skulen er om Bakka-Solheim-prosjektet blir realisert. Vierdal vil jobbe hardt for at dette skal komme nærmare i sin siste periode.
— Me må ha trua på Bakka-Solheim og stå på, seier Vierdal.
Under debatten i Ølen kunne publikum stille spørsmål som kom på skjermen bak politikarane. Fleire stilte spørsmål ved om Vierdal besøker bedriftene i kommunen nok. Ordføraren ser forbetringspotensiale i både gjennomføring og formidlinga av bedriftsbesøk.
— Eg kan sikkert bli enda flinkare til vere meir systematisk på bedriftsbesøk, og ikkje berre til dei store. I tillegg må eg synleggjere når eg er ute gjennom å bli betre digitalt, meiner Vierdal.
Sjå videointervju med Vierdal rett etter at avtalen med Ap og KrF var på plass her:
Grannar informerer: Øyvind Valen er styreleiar i Grannar AS. Han er ikkje involvert i redaksjonelle vurderingar.