Agnes Ravatn frå Ølen er blant sunnhordlandsforfattarane du kan høyra på podkast i regi av biblioteka i regionen.Pressefoto
Forfattarar på podkast
Dei åtte biblioteka i Sunnhordland er klare med Sunnbibpodden – ein podkast der lyttarane får bli med heim til fleire av dei lokale forfattarane våre. Blant desse er Agnes Ravatn
Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie på sju episodar. Dei åtte biblioteka i Sunnhordland har laga si eiga podkast, kalla Sunnbib-podden» med lokale forfattarar.
— Over 60 aktive forfattarar blir rekna som sunnhordlandsforfattarar. Me ønskjer å skapa større merksemd om dei ulike forfattarrøystene me har her i regionen, seier prosjektleiar Camilla Ruhs ved Stord folkebibliotek, i ei pressemelding.
Prosjektet har fått støtte til podkastserien Heim til Sunnhordlandslitteraturen» frå Norsk kulturråd.