Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Snøggbåten på veg inn til kaien på Utbjoa. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Snøggbåten på veg inn til kaien på Utbjoa.

Foreslår å få tilbake båttilbod

Publisert Sist oppdatert

— Sidan fylkeskommunen manglar finansiering, og det er betydeleg færre reisande frå Utbjoa, tilrår vi å etablere tilbodet igjen berre til Ølen, skriv fylkesdirektør Rune Haugsdal og direktør for mobilitet og kollektivtransport Anne Iren Fagerbakke i Vestland fylkeskommune i ei saksinnkalling til eit møte i fylkesutvalet 21. oktober.

Etter tidlegare politiske vedtak blei stansinga av Ølensambandet – ruta som gjekk via Ølen og Utbjoa – gjennomført 1. juli. To innbyggjarinitiativ gjorde at spørsmålet nyleg blei behandla i fylkestinget både i Rogaland og Vestland. I Rogaland vedtok eit fleirtal å verken ta opp ruta att eller gå i dialog med Vestland om eit spleiselag, medan eit samrøystes fylkesting i Vestland vedtok at saka skal handsamast på nytt i fylkesutvalet. Her foreslår administrasjonen følgjande vedtak:

  1. Fylkesutvalet ber om at båtanløp til Ølen i Rogaland blir gjenoppretta for å ivareta reisebehov på tvers av fylkesgrensa. Tiltaket blir iverksett så snart som råd.
  2. I arbeidet med ny driftskontrakt for Sunnhordlandsruta frå 2030 skal framtidig reisebehov knytt til fylkeskryssande reiser frå Rogaland/Vindafjord vere del av samla vurdering og tilråding.
Powered by Labrador CMS