Mange koste seg på kulturkvelden i Enge bedehus.FOTO: PRIVAT
Mange koste seg på kulturkvelden i Enge bedehus.
Prost Svein Arne Theodorsen sit i hovudkomiteen for feiringa av 1000-årsjubileet for kristenretten på Moster.FOTO: PRIVAT
Prost Svein Arne Theodorsen sit i hovudkomiteen for feiringa av 1000-årsjubileet for kristenretten på Moster.
Frå kulturkvelden på Enge bedehus.FOTO: PRIVAT
Frå kulturkvelden på Enge bedehus.

Lesaren melder

Folksamt på kulturkveld i Etne

LESAREN MELDER: Fredag kveld var mykje folk samla til kulturkveld på Enge bedehus. Det var KM-Karane som stod som arrangørar for temaet Feire fortid – forme framtid, og på programmet stod både dikt, song, mat og minibasar. Hovudtema for kvelden var likevel Moster 2024.

Prost Svein Arne Theodorsen sit i hovudkomiteen for 1000 årsfeiringa, og han var invitert for å fortelje om jubileet og kva som skal skje den første helga i juni på Moster. Han fenga tilhøyrarane med eit engasjert kåseri om kva som skjedde på Bømlo for 1000 år sidan og kva dette har å seie for Noreg som nasjon i dag. Han siterte professor Jørn Øyrehagen Sunde der han seier at opplesinga av Kristenretten på Moster endra Noreg for all tid.»

Jubileet er ikkje først og fremst eit kyrkjejubileum, men eit allment riksjubileum med søkjelys på verdiar i lovverk og samfunn. Det vert framheva kva som skjedde med Kristenretten, og kva det innebar at det vart innført nye verdisett og måtar å tenkje og handle på. Det er planlagt ei rekkje verdisamtalar i jubileumsveka der det vert samtalar kring tema som fridom, rettsvern og likeverd – kva det betyr i dag og korleis dei skal prege oss framover. Dette er også grunnen til at overskrifta for jubileet er Feire fortid – forme framtid.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS