Kystdirektør Einar Vik Arset oppfordrar alle kystkommunar om å delta på informasjonsmøta om den nye hamne- og farvasslova.
Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket
Folkemøte om ny hamne- og farvasslov
— Med mange og delvis omfattande endringar i den nye lova ser me at det er eit behov for at kommunar og andre får ei innføring i kva dette inneber og kva konsekvensar det får for dei. Derfor inviterer me til ei rekkje informasjonsmøte rundt om i landet, seier kystdirektør Einar Vik Arse i ei pressemelding.
Den nye hamne- og farvasslova i kraft får konsekvensar for kystkommunane.
— Dette vil påverka saksbehandling. Mellom anna er det endringar i regelverket om hamnekapital, ansvar for framkome og reguleringa av ferdselen i kommunane sitt sjøområde. Til dømes er ordninga med ordensføreskrifter fjerna, forklarar Arset.