Etnemarknaden
Folkeliv og barneglede på Etnemarknaden
Marknadssjef Vidar Lund er positiv til årets gjennomføring. Sjølv om han fortel at det var færre folk enn førre året, er han særleg nøgd med ein ting:
– I år har me satsa skikkeleg på unge, både med aktivitetsparken og dei ulike innslaga som har vore i Skakkeringen. Dette har aldri vore betre enn i år, og me har fått mykje god respons på det, fortel Lund.
Programmet har nemleg vore fullt av diverse innslag og aktivitetar for barn. I tillegg kunne ein ta i bruk leikestativa i Skakkeringen, samt den store aktivitetsparken som vart sett opp dagen før marknaden. Der kunne ein blant anna boltra seg i hoppeslott eller køyra bumperbil.