Har protestert. Larsebu er gebyrpliktig, fastslår HIM sjølv om eigaren tar med seg bosset ned frå fjellet og legg det i dunken heime på Markhus.Arkivfoto: Arne Frøkedal
Har protestert. Larsebu er gebyrpliktig, fastslår HIM sjølv om eigaren tar med seg bosset ned frå fjellet og legg det i dunken heime på Markhus.

Føler seg urettferdig behandla av HIM

Lars E. Lundal er blant dei som har fått avslag på søknaden om fritak for hytterenovasjon.

Publisert Sist oppdatert

— Eg slår meg ikkje til ro med dette. Hadde det gagna miljøet ville eg vore villig til å betala dei 1.500 kronene ekstra for hytta, i tillegg til renovasjonsavgifta eg har her heime på Markhus. Men det gjer det jo ikkje, seier han.

For 50 år sidan bygde Lundal ei lita jakt- og fiskebu nesten tusen meter over havet opp frå Markhus. Larsebu er ei av dei høgast liggjande hyttene i indre Etnefjellet. Sjølv om hytta seinare er utvida noko, er det framleis ei lita og enkel hytte. Då Lundal i fjor sommar mottok brev frå HIM om at han frå 2023 måtte betala renovasjonsgebyr for fjellhytta, tok han pennen fatt og protesterte.

Men det gjekk ikkje så godt. Søknaden blei avslått og fakturaen dukka opp i postkassen.

— Dette kjennest urettferdig. Eg veit om andre hytteeigarar i fjellet som slepp å betala, og synest det må vera lik behandling. Det vesle eg har av boss i fjellet, tar eg med heim til Markhus der det alltid er plass i HIM-dunken. Så at eg nå skal betala to renovasjonsgebyr, har inga miljøeffekt, seier Lundal som vil ta ein ny runde med HIM med krav om likebehandling.

Powered by Labrador CMS