Felles avslutning for 1.- 7. klasse med allsang og dans.
Felles avslutning for 1.- 7. klasse med allsang og dans.
Felles avslutning for 1.- 7. klasse med allsang og dans.
Felles avslutning for 1.- 7. klasse med allsang og dans.
Wok på bålpanne.
Wok på bålpanne.
Ut på tur aldri sur.
Ut på tur aldri sur.
Kjekke aktivitetar i Planteskuleskogen.
Kjekke aktivitetar i Planteskuleskogen.
Eit godt samhold mellom 2. klassing Ine Marie og fadder Konstanse i 7. klasse.
Eit godt samhold mellom 2. klassing Ine Marie og fadder Konstanse i 7. klasse.
Eline i 2. klasse med fadder Selina i 7. klasse.
Eline i 2. klasse med fadder Selina i 7. klasse.
Spikking på tvers av klassetrinn.
Spikking på tvers av klassetrinn.
Her er 3., 4. og 5. klasse i leik på Sæbøtunet.
Her er 3., 4. og 5. klasse i leik på Sæbøtunet.
FAU sponsa mat på dei ulike stasjonene
FAU sponsa mat på dei ulike stasjonene
Praktisk naturfag i bekken.
Praktisk naturfag i bekken.

Lesaren melder

Fokusveke folkehelse og livsmeistring

Enge skule har i veke 14 hatt ekstra fokus på folkehelse og livsmeistring, som er eitt av tre tverrfaglege hovudtema i grunnopplæringa. I denne perioden har barneskulen samarbeidd på tvers av klassetrinna, og me ser at fadderordningane våre mellom stega fungerer godt! Me har hatt uteskule og turar til dei flotte nærområda våre, der det blant anna stod matlaging i naturen på planen. Det er trygt og godt å bli godt kjend med kvarandre på tvers av klassane.

Veka var prega av glade elevar og vaksne og me avslutta med ei flott felles økt med alle frå 1. til 7.klasse fredag 4.april. Her bidrog alle dei nær 300 elevar med fellessong og dans. I fleire veker har elevane øvd på blant anna Optimist» og Månemannen». Det var ei fantastisk oppleving å sjå fellesskapet i den flotte elevgruppa vår. Tilbakemeldingane frå elevane er at det var ei super veke! Det viktigaste me tar med oss vidare er å utvikle elevane våre til å vere aktive og robuste, støtte og vere snille med kvarandre, vere snille med seg sjølv og at SAMAN er ein god plass å vere.

På vegner av dei vaksne på Enge skule:

Silje Tjelmeland Øren, avdelingsleiar småskulesteget

Ingunn Merete Ø. Steinstø, avdelingsleiar mellomsteget

Powered by Labrador CMS