Leiar Olaug Høie Mortensen (t.v.) og kasserar Solveig Nesheim i Brystkreftforeningen Haugaland fekk overrekt ei fin pengegåve av Siv Nesheim og Mette Jamne ved Shell Knapphus.Foto: Privat
Leiar Olaug Høie Mortensen (t.v.) og kasserar Solveig Nesheim i Brystkreftforeningen Haugaland fekk overrekt ei fin pengegåve av Siv Nesheim og Mette Jamne ved Shell Knapphus.

Flott gåve til brystkreftforeininga

Shell Knapphus øyremerka deler av bolleprisen til kreftforeininga. Det gav full fart på salet i haustferien og ei gåve på17.800.

Dei driftige damene på Shell Knapphus blei einige om at Brystkreftforeningen Haugaland var ei god sak å støtta då bolleideen kom på bordet. Tiltaket varte i ei veke og i løpet av desse dagane i oktober selde dei heile 3.560 bollar.

Kvar selde bolle resulterte i fem kroner til føremålet, og det var difor ein betydeleg sum på sjekken som Olaug Høye Mortensen i den lokale brystkreftforeininga kunne henta i Vats måndag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS