Støtteordningane kan vere alt frå foreldrepengar, barnetrygd, studielån, bustøtte og sosialhjelp til arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og dagpengar med meir.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Fleire fattige familiar får mange stønader
Mange fattige familiar får fire eller fleire ulike stønader frå det offentlege, viser ein ny forskingsartikkel.
NPK-NTB: Av dei 168 familiane som er undersøkte, hadde halvparten fire eller fem ulike stønader. Éin av familiane fekk heile åtte ulike stønader. Det viser forskingsartikkelen basert på prosjektet Nye mønster, som hjelper familiar med vedvarande låg inntekt, skriv Klassekampen.
Støtteordningane kan vere alt frå foreldrepengar, barnetrygd, studielån, bustøtte og sosialhjelp til arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og dagpengar med meir.
Eirin Mølland, hovudforfattar for artikkelen og førsteamanuensis i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Agder, seier at ordningane gjer at det ikkje lønner seg å ta rasjonelle økonomiske val.
– Det er ikkje lurt å spare pengar, som i utgangspunktet er vanskeleg i ein slik situasjon, sjølv om det er rasjonelt og det vi ønskjer å lære barna våre, seier ho.
I artikkelen blir det mellom anna beskrive ein familie med innvandrarbakgrunn der dei vaksne jobba deltid i låglønnsyrke og hadde seks barn. Dei klarte å spare noko av barnetrygda for å bruke på datautstyr til barna.
Då kommunen oppdaga at dei hadde ein sparekonto, var familien ikkje lenger kvalifisert for sosialhjelp.
(NPK)