Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Grethe Hopland Ravn
Grethe Hopland Ravn

På tampen

Flåge-piskar på akkordløn

Publisert Sist oppdatert

Då eg var ni år gammal, oppdaga eg at det var fullt mogleg å ha både økonomisk nød og stor forretningssans – samtidig. Eg hadde nemleg ein skrubbsvolten sparegris, ei heilt reell lengt etter lakrislisser, og null fast inntekt. Vekepengane var ikkje innkassert før rommet var rydda…(skikkeleg)… og det var ikkje alltid far min og eg var einige om definisjonen på akkurat det. Ikkje var eg gammal nok til å trilla høy, ikkje sterk nok til å løfta mjølsekkar, og alt som likna på tradisjonell sommarjobb, var for lengst okkupert av eldre og meir traktorsertifiserte slektningar.

Men eg såg eit håp – og det låg rett over bøen, i mormor sitt kjøkken.

Mormor og morfar budde i nabohuset, på garden som var vårt barndomsparadis. Det var ein barndom med lyden av traktor, lukta av nyslått gras og smaken av rabarbrasuppa eller nybakte bollar.

Powered by Labrador CMS