Steinar Aalvik
På tampen
Fjose-pose
Noko med det verste me mjølkeprodusentar kan finna på, er å gje våre medskapningar tilgang på upasteurisert mjølk. Dette har eg full forståing for, og har vel heller aldri hatt noko å utsetja på heidersmannen Louis Pasteur. Dessutan er no folkehelse ein gong folkehelse. Men kjøtet er som kjent skrøpelegare enn ånda, så om det står ei nabokjerring på tunet med spannet sitt i neven, har eg til tider sleppt frå meg råstoff til ei og anna dravlekoka, utan at det har plaga meg med noka større samvitsgnag.
Ei tid hadde me ein utlending som avløyste oss etnesbønder. Denne karen hadde lagd seg til den rutinen at det han tappa ut frå mjølkefileret etter mjølkinga, det drakk han opp på styrten. Smilande kunne han fortelja at eg hadde den beste mjølka i Etne. Eg har alltid vore svak for smiger, så då han ymta frampå om eg kunne avsjå ein skvett i ny og ne, slik at han kunne få laga seg ein tradisjonsrett frå heimlandet sitt, var eg ikkje kar om å seia nei. Om eg forstod det rett, var det snakk om å ha rosiner, sukker og yoghurt opp i mjølka, for så å ha det i ei glaskrukke, og la det stå på varmekablane på badegolvet ei stund. Rjommakodla», tenkte eg, og at det måtte vera i orden.
Av og til står det ei glaskrukke inntulla i ein handduk i ein plastpose på bordet i mjølkerommet. Greitt nok, for så vidt. Problemet er plastposen. Posen er pryda med vinmonopolet sin logo. No har dei gamle idealistane, her på garden, vandra vidare til sine evige forbodstider for lengst, men eg likar ikkje å ha slikt ståande i mjølkerommet i Gamlatræet.