Fjordar til B-finale i Norway Cup
Fjordar stiller i sitt første år med heile fem lag i Norway Cup. Det er rundt 200 tilskodarar som kvar kamp har heia fram det nye samarbeidslaget frå Vindafjord. Klokka 15 fredag spelar det yngste jentelaget B-finale mot Molde FK i 13-årsklassen.
Fjordar er samarbeidslaget mellom Vindafjord IL, SK Vats, IL Skjoldar og Vikebygd IL. Dermed er det spelarar frå Vikebygd, Skjold, Vats, Sandeid/Ilsvåg, Vikedal og Imsland.
For eit lag i sitt første år, er det store oppmøtet av supportarar til kampane viktig identitetsbyggjing både for spelarar, føresette og folk frå dei involverte bygdene.
Nils-Morten Breivik Dahl seier at det har vore mykje svart og oransje på Ekebergsletta under årets Norway Cup.
— Me er representert med J13, to G14 lag, J14 og J17. Begge G14 laga hevda seg godt og kom til A-sluttspelet, medan jentelaga kom vidare til B-sluttspel. Dei siste dagane er det dei yngste jentene som har imponert mest, seier Dahl.
Etter solid innsats i ei jevn pulje i gruppespelet var det kun målforskjell som skilde mellom A-sluttspill og B-sluttspill for J13-jentene. Derfrå og ut såg jentene seg aldri tilbake, melder Dahl.
— Først blei Oslo-laget Røa sendt av bana med 2-1 i 16-dels finalen onsdag. Torsdag morgon stod tysk motstand på motsett banehalvdel i 8-dels finalen. I ein jevn kamp mot eit kynisk FC Viktoria Berlin, greidde jentene våre nok ein gong å dra i land sigeren, denne gong med 1-0, seier Nils-Morten Breivik Dahl, som er leiar i IL Skjoldar.
Han melder at kvartfinalen blei ein folkefest på Ekebergsletta.
— Fjordarpublikummet har verkelig laga liv og stemning på kampane, og med opptil 200 supportar med oransje og svarte flagg har det vore fantastiske rammer rundt Fjordar sine kampar, seier han.
I kvartfinalen stod eit fysisk tøft Kongsberg på motsett halvdel. Nok ein gong haldt Fjordar nullen takka være godt keeperspel av Selma Amundsen og ikkje minst forsvarsrekka. Med gode offensive spelarar viste Fjordar seg som det beste laget og vann fortent 2-0.
I semifinalen lot jentene seg ikkje prega av alvoret. I ein jamn førsteomgang mot Ellingsøy like nord for Ålesund, var det mållaust til pause med spelemessig overtak til Fjordar.
— I andre omgang gira jentene opp eit hakk og tok leiinga 1-0 ved Erle Nybru, seier Nils-Morten Breivik Dahl.
Ellingsøy prøvde seg mot slutten, men Fjordar stod godt imot. Tre minuttar før slutt punkterer Erle Nybru kampen med hennar andre scoring i kampen.
Dermed blir det finale fredag klokka 15 mot ingen ringare enn Molde FK.