— Finn fram lommelykta
Etne El-lag ber folk førebu seg på at ekstremvêret Urd» kan ta straumen i dag. Vegvesenet ber folk la bilen stå om dei kan.
Heile Vestlandet førebur seg no på ekstremvêret Urd, som vil treffe med vindkast opp mot 45 meter per sekund og høge bølgjer langs kysten i dag.
Det er venta at uvêret også vil gjere seg gjeldande innover landet, og særleg i fjellet.
Har du tips eller bilete frå uvêret? Send e-post til redaksjon@grannar.no eller SMS/MMS til 975 70 789
— Kan gi utfordringar
Etne El-lag ber folk vere føre var med tanken på ekstremvêret som er meldt inn over Vestlandet i dag måndag.
— Vi må vere førebudd på at dette kan gi utfordringar med straumforsyninga.
I ein SMS dei har sendt kundane sine oppmodar alle som har alternative oppvarmingskjelder til straum om å sjekke at desse er klare til bruk.
— Vi anbefaler at ein finn fram lommelykt og ladar opp mobilen før uvêret treff Vestlandet, skriv dei.
Dei legg til at personar som av helsemessige grunnar ikkje kan vere utan straum vert oppmoda om å ta kontakt med Etne kommune.
Vi må vere førebudde på at dette kan gi utfordringar med straumforsyninga
Dei ber også folk som observerer noko ein meiner er viktig for Etne El-lag om å ta kontakt med verksemda.
— Sikre lause ting
Sør-Vest Politidistrikt ber folk i heile regionen sjå til at lause gjenstandar og båtar er sikra godt.
I Grannar-distriktet ventas det mykje nedbør og sterk kuling i låglandet med vind opp mot 18 meter per sekund, som er sterk kuling. Og ein må vere førebudd på kraftigare vindkast innimellom.
Den sterkaste vinden i Grannar-distriktet er venta frå i 14-tida i dag. Ute ved kysten og i fjellområda er det meldt sterkast vind, men også trånge vestvendte dalar er utsett.
— Unngå lengre bilturar
Statens vegvesen Region vest oppmodar folk som ikkje må ut på reise 2. juledag om å la bilen stå i dag.
— Vegvesenet har eit ynskje om at folk skal ferdast trygt på vegane våre. Med eit ekstremt ver i vente, kan det oppstå uføresette og farlege hendingar. Difor ynskjer vi minst mogeleg trafikk når uværet står på som verst, skriv dei i pressemelding,
Berre dei siste dagane har fleire vegar blitt stengde av ras eller uvær på fjellet.
— Med den kraftig vinden Urd» tar med seg kan også bruer bli stengde og ferjer bli innstilte, skriv dei.
Fjellet stengd
Både E134 Haukelifjell og Riksveg 7 er no stengd på tredje døgnet.
E134 er stengd ved Liamyra bom, og blir ikkje opna i dag. På Vågsli er meld liten storm fra vest og nordvest, 21-22 meter per sekund, heile dagen.
Også ferjesambandet Mortavika – Arsvågen er heilt stengd. Fjord 1 planla først å flytte sambandet på sørsida til Mekjarvik, men like før klokka 9 måndag meldte de at sambandet på E39 over Boknafjorden er heilt stengd.
Det var måndag morgon ikkje meld om problem i flytrafikken, men også dette kan endre seg. Det er meldt liten storm frå vest Haugesund lufthamn i ettermiddag.
To OBS-varsel
Meteorologane har gjeldande to OBS-varsel for heile Vestlandet sør for Stadt:
Måndag og natt til tysdag er det venta vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg. Dette skuldas kraftig vind, snø og snøfokk, i samband med ekstremvêret Urd.
Det er fram til måndag kveld venta lokalt mykje nedbør. Frå sundag kveld til måndag ettermiddag er det venta 70-100 millimeter nedbør.