Svein Egil Økland.
Foto: Privat
10 Kjappe
Fin start i ny uniform
Etter påske starta Svein Egil Økland som
— Det kjennest bra å ha starta i jobben. Eg kjente at tida var inne for å gjere noko nytt. Her skjer det ting heile tida. Og framover med nye satsingar innan eksempelvis havvind blir det nok å henge fingrane i, seier Økland.
Han opplyser at sviktande oppdragsmengd som sjølvstendig fotograf i Økland Foto gjorde at han måtte ha ein jobb som gav han meir økonomisk stabilitet. Dei tre siste åra gav han store utfordringar med pandemi, diverse kriser og høg prisvekst. Det gjorde det ikkje så lett å drive for seg sjølv.
— Eg kjem til å halde litt aktivitet i Økland Foto, men tonar ned aktiviteten til at eg kan ha selskapet bekvemt på sida. Då blir det sal av veggbilete via nettbutikk samt mindre fototenester eg kan greitt gjere på fritida, fortel Økland.
Sidan han begynte å levere fototenester rundt 2012 har han gjort ein del oppdrag for Westcon, mest bilete frå aktivitetar på Ølensfjorden. Som tilsett i Westcon blir all fotografering for selskapet nå inkludert i stillinga. Han verkar å trivast i startfasen på sin nye arbeidsplass.
— Det har eigentleg vore full rulle frå første dag. Først og fremst ein god del fotografering, men også å delta i marknadsaktivitetar. Eg fekk også med meg ein kjekk firmatur til Bergen førre helg. Det gav meg ein god start ved å treffe cirka 250 tilsette som var med på tur, seier marknadssjefen.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg ser på meg sjølv som ein utadvendt fyr med ståpå-vilje. Eg er heller ikkje redd for å prøve meg på nye oppgåver, og gir sjeldan opp. Eg trur også at eg er greitt sosialt anlagt.
— Kva trur du er pluss og minus ved å vera bygdemenneske?
— Å bu på bygda gir deg mange fordelar. Tilgang til den flotte naturen me har rundt oss. Frå fjord til fjell. Og for oss i dette distriktet tilgang til eit rikt arbeidsliv. Minus må vere svært få kulturtilbod. Her må politikarane stå på for dei som ønsker å skape noko. Spesielt Ølen lir akkurat nå.
— Kva les, ser på, og lyttar du til?
— Eg er svært dårleg på å lese bøker. Men høyrer mykje på musikk. Då er eg altetande frå gamal 1970-tals rock til det nyaste pop.
— Kva gjer du på fritida?
— Friluftsliv er noko eg har stor interesse for. Og då ofte med kamera hengande rundt halsen. Elles har eg båt som eg bruker til Romsa, og ein liten bubil for lengre turar. Litt trening får eg også tid til.
— Kva gler deg og kva irriterer deg?
— Eg gler meg over mykje og irriterer meg over lite.
— Korleis oppdaterer du deg om det som skjer i samfunnet?
— Det er stort sett gjennom det ein les på nett og på sosiale media. Grannar er den einaste papiravisa eg les. Og eg ser elles lite på tv-nyheiter.
— Dersom du hadde politisk makt, kva ville du kjempa for?
— Eg ville kjempa for betre og meir effektiv infrastruktur. Betre vegar gir stor miljøgevinst.
Og rasering av vår flotte og ville natur for å vere grøn», det må det bli slutt på.
— Kva er du mest engsteleg for i verda?
— Eg tenker kanskje då mest på krigen som raser i Ukraina. Om den trusselen Russland utgjer for heile verdsfreden.
— Kven ser du mest opp til?
— Eg ser opp til far min og mor mi, Kongen og Lars Monsen. Og kona mi Ruth som held ut med meg.
— Kva gjer du når du skal unna deg noko ekstra?
— Kjøper meg ein sjokolade og ei brus.