Fikser plass til industri-etableringar
Dei siste kommunale tomtene på Tongane i Etne og på Leknestangen Skånevik er selde og per i dag har ikkje Etne kommune næringstomter å tilby. Men no er det lys i tunnelen for industrien. Det lenge planlagde næringsområdet ligg strategisk til nær europavegen og tett ved grensa til Vindafjord kommunar og fylkesgrensa mellom Vestland og Rogaland.
140 mål stort
Reguleringsplanen for industriområdet på Fikse vart vedteken for snart ti år sidan. Men det har teke lang tid å modne prosjektet. Mellom anna har det vore ein lang veg å komme til semje med grunneigarar om pris. Men den siste avtalen vart handsama i skjønnsretten i fjor, og dermed har kommunen no alle formalitetar på plass for å kunne gå vidare.