Fiksar garden for sal
Det nye styret i Vestnorsk senter for bygdeutvikling (VSBU) har gjort formelt vedtak om at garden skal seljast. Men først skal det ryddast opp på eigedommen.
Det fortel Leif Grindheim som vart vald som leiar då det nye styret i den kommunale stiftinga VSBU konstituerte seg 28. april.
Det er ingen tvil om at det nye styret har eit mål føre seg: Å få rydda opp på garden og få seld eigedomen som er ein av dei største gardane i Etne. Og dei arbeider raskt.
På styremøte nummer to, 2. mai, vart det formelle vedtaket om å selje garden fatta.