Festkake i særklasse
Når Tore Tokheim frå Sandeid set i gang med kransekakebaking blir resultatet gjerne noko utanom det vanlege. Det fekk helgas bryllaupsgjester erfara.
Har du nokon gong sett ei kransekake dekorert med lyshjerter som blinkar i takt med namnet på brud og brudgom? Eller små kransekaker forma som eit fotoapparat, ein bil eller ein liten båt? Nettopp slike unike kaker er det kransekakebakar Tore Tokheim tryllar fram på kjøkkenet heime i Sandeid.
— Eg prøver å knyta utforminga av kaka opp mot hobby, yrke eller interesse. Eg vil finna noko som gjenspeglar dei som skal ha kaka, seier han og viser fram fotoapparatet forma i kransekakedeig som han held på med i høve sonen sitt bryllaup.
— Son min Toralf er glad i å fotografere. Då passar det med eit kamera. Her på baksida av kameraet er eit bilete av brura Solveig. Biletet er festa med smelta sjokolade, forklarar han.