Anne-Britt Grindheim
Anne-Britt Grindheim

Petit

Femti mil i bil

Publisert Sist oppdatert

Sommarmånadane var både lengre og lysare i barndommen. Året er 1975, og det nærma seg St. Hans og skuleferien var alt starta for meg som vart ti år den sommaren.

Den årlege ferieturen stod for døra. Den sennepsgule Volvo 145 Ekspress stasjonsvogn – varebil 1969-modell med skiltnummer SC11331 var sirleg pakka og godt stua. Bagasje til fem barn og to vaksne, med alt frå regnklede til sommarkjole. Førebudd på ekte vestlandsver med fisketur på fjorden og hesjing i bratte bakkar. Turlektyren var Donald, Sølvpilen og Romantikk.

Framme sat mor med veslejenta på halvanna år, i baksete sat dei fire andre der den eldste var blitt tenåring. Sikkerheitsbelte og godt polstra barnesete var fråverande å ikkje påkomen på den tida. Lengst bak i stasjonsvogna, der den store lysebrune kofferten og den knall raude vesle kofferten, S-posar og støvlar stod tett. Ei gul og brun blomstrete sommardyne vart lagt over kassen med 24 Export» som var fast bagasje så lenge slåtten og hesjinga føregjekk på Rønningen. Førstemann å få ligge eller sitje bak, alle på skift, for å gjere det romslegare i baksetet. To spekepølser frå Lundal i Åkerfjorden var også proviant til reisemålet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS