Illustrasjonsfoto.
Fem til sjukehus etter frontkollisjon
Litt før klokka 18.00 søndag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E134 i Øvre Vats. To bilar har vore involvert i ein frontkollisjon etter at ein bil med ein person kom over i motsett køyrefelt og trefte ein annan bil med fire personar. Alle er tilsett av lege og det er mindre personskadar. Vegen er stengt i begge retningar og vil bli rydda. Dette skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter.
Vegtrafikksentralen melder om at det nå er omkøyring via Lauvik/ Knapphus Fv46 og Fv514 Ølen.
18.35 melder politiet at eit felt er opna og at det truleg er eit sjukdomstilfelle som årsak til at bilen hamn over i motgåande felt. Føraren av denne bilen er køyrd til sjukehus. Dei fire i den andre bilen blir køyrd til sjukehus for sjekk, men helsesituasjonen deira verkar ikkje alvorleg. Politiet har oppretta sak.