Fem om folkehelse og livsmeistring
- Kvifor valde du dette kurset?
- Korleis var det?
- Kva har det med folkehelse og livsmeistring å gjere?
Friluftsliv: Eivind Apeland Skarpeid – 1.kl studiespesialisering,
- Eg valde friluftsliv fordi eg synest det er kjekt å vera ute i naturen.
- Kurset har vore veldig spennande, trass litt mykje regn.
- Det å komme seg ut i naturen og å vere i bevegelse er viktig for å ha ei god helse. Me opplever livsmeistring når me ser at me meistar å vere ute i all slags vêr.