Guri Ravatn (SV) satsar på at kampen for skulebøker skal vere med å gi framgang i valet i haust.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Fellesforum på Kyrkjetunet
Førstkomande torsdag er det igjen duka for Fellesforum» på Kyrkjetunet» i Ølen. Som kåsør denne kvelden har me fått med oss Guri Ravatn. Ho vil fortelja om kveldsbøner og kveldssongar frå nærområdet vårt, med vekt på slike som vart nytta for meir enn 50 år sidan.
Me er mange som minnest bøn eller song som del av kveldsrutinen, anten i eigen barndom eller med eigne born. Bøner er blitt overlevert frå generasjon til generasjon og innan familien. Difor er kveldsbøner og kveldssongar viktige kulturminne på linje med folkesongar, gamle leiker etc.», seier kåsøren.
I eit par år har ho vore i felten og samla inn bøner og songar. Saman med musikk ved Kjell Ravatn vil ho presentera innsamlingsarbeidet og resultatet for oss denne kvelden. Gjennom musikk, song, opplesing og samsong og samtale med salen vil me få eit meiningsfylt møte med gamle skattar».