Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Wenche S. Lilleland under kommunestyremøtet i Vindafjord.

Fekk støtte frå kommunestyret

Publisert

I ein interpellasjon under kommunestyremøtet i Vindafjord tok Wenche S. Lilleland opp spørsmålet om følge for personar med nedsett funksjonsevne på idretts-og kulturaktivitetar. Mange personar med nedsett funksjonsevne er avhengig av å ha med følgesvein for å få med seg idretts- og kulturaktivitetar og dersom ein må betale full pris for ein ekstra person for å kunne gå på konsert, vil mange måtte velge bort dette av økonomiske årsaker, heiter det i interpellasjonen. 

«Ekstrakostnaden til billett for følgesvein eller assistent er ei form for diskriminering fordi det gjer billetten til ein fotballkamp mykje dyrare nettopp fordi ein har ei funksjonshindring. Når vi også veit at mange personar med funksjonsnedsetting har lågare inntekt og høgare utgifter enn folk flest, forsterkast urettferdigheita. Sjølv om alle kommunar tilbyr følgebevis, er praksisen hos arrangørane forskjellig. Nokre har avgrensingar på talet og nokre aksepterer ikkje følgebevis. Dette er noko Norges Handikappforbund har bedt kommunane om å gå i front og sikre at fleire arrangørar aksepterer følgebevis», skriv Lilleland og kom med forslag til vedtak.

I forslag til vedtak står det å lesa at kommunestyret forventar at kommunalt heil og deleigde selskap som har publikumsretta arrangement aksepterer bruk av følgebevis utan avgrensingar av talet på følgesveinbilletter i den utstrekning brukaren har behov for følgehjelp. Det heiter også at kommunestyret ber om at temaet blir tatt opp i etablerte kanalar for eigarstyring og – dialog for de selskapa der dette er aktuelt, og at forventning om aksept av følgebevis blir formidla til arrangørar som leiger grunn av eller mottek tilskot frå Vindafjord kommune.

Powered by Labrador CMS