Fekk stilla spørsmål til næringsministeren
John Karsten Hustveit ved Åkrafjordtunet fekk næringsminster Iselin Nybø (V) på besøk tysdag. Korleis koronapandemien har råka drifta var noko av det Nybø fekk ei orientering rundt.
Tysdag fekk Åkrafjordtunet besøk av næringsminister Iselin Nybø (V) som var invitert til Etne av Etne Venstre, med gruppeleiar Kristin Golf i spissen. Saman med dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling, Nils Einar Steinstø, Jan Terje Rafdal (V), Lars Olav Bergsvåg og Lars Brandsås Øye, politisk rådgjevar besøkte dei tre bedrifter i Etne, og først på timeplanen stod Åkrafjordtunet.
I Åkrafjorden er det mange aktørar som går under same paraply innan turist- og reiselivsnæringa, og når alle står på ein så stor felles fot» er det også mange som blir hardt råka når ein pandemi slår innover land slik koronaen har gjort.
— I år skulle me hatt 15.000 gjester på besøk, og nå når me ikkje ein gong 1.000. Me skulle hatt ei omsetning på rundt seks millionar kroner, og i år når me ikkje éin million ein gong, seier dagleg leiar John Karsten Hustvedt.