Fekk prøva seg som arkeologar
Utgravingsarbeidet på den kommunale tomta er i ferd med å gå mot slutten og nyleg inviterte arkeologane til open dag på utgravingsstaden. Her kunne alle som ønskte det stikka innom for å læra om det tidkrevjande og nøyaktige arbeidet som skal til for å jakta på spor etter fortida, og onsdag var det femte klasse ved Ølen skule sin tur til å prøva seg som arkeologar. Før det praktiske arbeidet kunne ta til fekk elevane ein lærerik gjennomgang av livet i jernalderen, kva funn som er gjort både på utgravingstaden og tidlegare funn i Vindafjord.
Museumspedagog ved arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger, Ellen Bøe viste både slaggklumpar, keramikkbitar og tøyrestar frå utgravingar gjort i Vindafjord til dei interesserte elevane, og etter at den korte historietimen var over stod praktisk feltarbeid for tur.
Klassen blei delt inn i grupper med kvar sin arkeolog som læremeister og kvar gruppe fekk i oppdrag å undersøkje kvar si kokegrop for å finna spor etter fortida. Med stor iver jobba dei unge arkeologane seg nedover i jordlaget på jakt etter kolklumpar eller slaggbitar frå jernalderen eller tidlegare tider.