Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Besøkte Ølen Betong si avdeling i Gismarvik. Frå venstre Lars Arvid Norekvål, Ølen Betong, minister Henrik Aasheim og Mads Arild Vedøy, nestleier Haugesund Høgre.Foto: Privat
Besøkte Ølen Betong si avdeling i Gismarvik. Frå venstre Lars Arvid Norekvål, Ølen Betong, minister Henrik Aasheim og Mads Arild Vedøy, nestleier Haugesund Høgre.

Fekk innsikt i klimatiltak

Publisert Sist oppdatert

Klima står sentralt i kvardagen til betonggiganten Ølen Betong-konsernet og førre veke var forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) på besøk ved anlegget i Tysvær. Med var også politisk rådgjevar Therese Lerøen (H) og høgrerepresentantar frå Haugesund. Under det timelange besøket fekk ministeren eit innblikk i miljøsatsinga til ein av landets største betong-og betongvareprodusentar og fekk sjå kva grep vindafjordbedrifta har tatt for å redusera sine klimaavtrykk.

— Betongindustrien gir distriktsarbeidsplassar, og Ølen Betong har avdelingar og mobile verk over heile landet. Det var imponerande å sjå Ølen Betong sitt anlegg og industriparken på Gismarvik, seier Asheim til Grannar etter at besøket ved anlegget på Gismarvik var over.

Han let seg imponere over klimatiltaka bedrifta har sett i verk og fekk innsikt i kva grep bedrifta tek for å redusera klimaavtrykket. Ei innføring i korleis bedrifta nyttar tørrvask av betongbilar ved å gjenvinna slam til harde kuler som blir brukt i betongprodukt stod på programmet. Det same gjorde bruk av kortreiste steinmassar knust frå fjell inne på området, før omvisinga blei avslutta med eit besøk på det nye verkstad- og kontorbygget som skal opnast om ei vekes tid.

Powered by Labrador CMS