Lesaren melder
Fekk innblikk i ortodoks påskefeiring
Ølen Sanitetslag har i to år hatt månadlege treff i lokala våre i Ølen, for ukrainske flyktningar som har kome til Vindafjord kommune. Ein uformell møteplass for utveksling av dei to kulturene, og for å la dei bli kjende med norsk kultur, lokalsamfunnet vårt og språket vårt, og med oss som deira nye naboar!
LESAREN MELDER:
Denne kvelden ynskte dei å vise oss tradisjonar knytte til ortodoks påskefeiring, som står for døra, fasten starta sundag 5. mai. Ortodoks faste tyder ikkje at ein ikkje et, men ein avstår heilt frå visse produkt, først og fremst avstår ein frå kjøt. Vidare et ein ikkje mjølkeprodukt, men mykje vegetarisk som linser og mat basert på olivenolje. Det handlar om andeleg reinsing og eining med Gud.
For dei fleste nordmenn er jul den viktigaste høgtida, medan for ortodokse er det påsken. Den ortodokse påsken er nok betydeleg meir seremoniell enn vår jul og blir sett på som svært viktig for dei aller fleste i befolkninga. Den ortodokse påsken fell sjeldan saman med vår påske, og kan vere opp til fem veker seinare enn vår. Grunnen til dette er at i den ortodokse verda nyttar ein den julianske kalenderen som i si tid vart innført av Julius Caesar, kalenderen som igjen vart basert på den gamle egyptiske kalenderen. Vi nyttar den gregorianske kalenderen som vart innført i Roma på eit seinare tidspunkt.
Dagen etter fekk dagssenteret på Ølen omsorgssenter restar av kakene og dekorerte egg, ved besøk av Ølen Sanitetslag med informasjon om den ortodokse påskefeiringa, som våre nye naboar snart skal feire. Dette vart til stor glede for tilsette og dei som var på dagssenteret denne dagen.
Anne Tone Salte Andersen
Ølen sanitetslag