Ingrid Synnøve Garvik Ebne (7 år, t.v.), Betty Elise Garvik Ebne (4) og Ola Klokkerstuen Wengensteen (5) fekk forska på å laga sekundær- og tertiærfargar av primærfargar. Dette gjorde dei saman med forskarane Heidi Ektvedt og Storm Osdal frå NORSCI.
Ingrid Synnøve Garvik Ebne (7 år, t.v.), Betty Elise Garvik Ebne (4) og Ola Klokkerstuen Wengensteen (5) fekk forska på å laga sekundær- og tertiærfargar av primærfargar. Dette gjorde dei saman med forskarane Heidi Ektvedt og Storm Osdal frå NORSCI.
Teltet i sjoargarden var godt besøkt under minikonsertane.Foto: Grethe Hopland Ravn
Teltet i sjoargarden var godt besøkt under minikonsertane.
Anne Kostveit Hardeland let seg freista av alt det gode ein kan kjøpa seg på marknaden. Foto: Grethe Hopland Ravn
Anne Kostveit Hardeland let seg freista av alt det gode ein kan kjøpa seg på marknaden.
Renate Selland Ramsvik hadde hendene fulle av kundar som ville ordna seg på håret. I stolen; Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik. Foto: Grethe Hopland Ravn
Renate Selland Ramsvik hadde hendene fulle av kundar som ville ordna seg på håret. I stolen; Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik.
Anne Grete Stene synest det var spennande å prøva Svart Gull, den lokale colaen. Foto: Grethe Hopland Ravn
Anne Grete Stene synest det var spennande å prøva Svart Gull, den lokale colaen.
Jarle Hundsnes og Jan-Otto Eriksen utgjer duoen Muddy Young, og hadde flott minikonsert i sjoargardenFoto: Grethe Hopland Ravn
Jarle Hundsnes og Jan-Otto Eriksen utgjer duoen Muddy Young.

Fekk forska på fargar

Ingrid Synnøve Garvik Ebne (7), Betty Elise Garvik Ebne (4) og Ola Klokkerstuen Wengensteen (5) leika forskarar då Fugl Fønix arrangerte 20-årsjubileum.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om himmelen truga med regn, såg det ut til at vêrgudane var i godlynne og bestemte seg for å spara dråpane til utpå ettermiddagen laurdag. Det passa godt for både utstillarar og besøkjande som gjesta marknadstorget, som var ein del av Fugl Fønix si 20-årsmarkering. Midt på torget står ein aldri så liten forskarfabrikk, og rundt dei to forskarane Heidi Ektvedt og Storm Osdal flokkar det seg barn som får boltra seg med både reagensrøyr og pipelte, der dei får forska på korleis ein kan laga alle moglege sekundær- og tertiærfargar, av dei tre primærfargane ein har.

— Dette var kjempekjekt! Å sjå kva som skjer når ein blandar fargar, var spennande, og så fekk me sjå kva som skjer når ein tar matolje oppi røyra, seier sjuåringen Ingrid Synnøve Garvik Ebne engasjert.

Ekstra stas er det at dei også får tilføra perler i røyra, og resultatet blir ein liten mini-lavalampe» som dei får lov til å ta med seg heim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS