Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Haugaland ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Fekk bot på 81.000 for fyllekøyring

Publisert Sist oppdatert

Ein mann i 20-åra måtte møta i Haugaland tingrett tiltalt for både uaktsam køyring og køyring i alkoholpåverka tilstand.

Det var i tidlegare i år mannen køyrde inn i eit autovern i Skjold slik at bilen fekk store skader, og årsaka til uhellet var at han køyrte i alkoholpåverka tilstand. Då hovudforhandlingane fann stad i starten av desember erkjente mannen seg ikkje skuldig i det eine tiltalepunktet, men retten var ikkje einig og dømte han skuldig både i uaktsam køyring og køyring i ruspåverka tilstand.

Retten meinte også at mannen burde få ei bot som får ein avskrekkande effekt, og sette beløpet til 81.000 kroner. Tiltalte blei også fråteken førarretten i 15 månadar, og må ta full ny førarprøve for å få tilbake førarretten. I tillegg til bota må mannen også ut med 2.500 kroner i saksomkostningar.

Powered by Labrador CMS