Ekstremvêret Jakob
Fekk bekken inn i hagen
Store nedbørsmengder har ført til flaum fleire stader i Grannar-distriktet. På Enge i Etne gjekk Prestabekken nok ein gong over sine breidder og la bøar og hagar under vatn.
— Her kunne eg hatt rismarker i dag, seier Grete Hjelmtveit og peikar på den nedste delen av hagen som grensar til Prestabekken.
Vatnet står langt inn på plenen, og trer og buskar som står i bekkekanten har fått rikeleg med vatn rundt røtene denne dagen.
Hjelmtveit har budd i huset like ved bekken i rundt 30 år og er kjent med at bekken flaumar over til tider. I dag var den på sitt høgaste i morgontimane, og utover ettermiddagen byrja vatnet å trekkja seg litt tilbake.
— Det var ein meter lenger inn i hagen tidleg i dag, seier ho.
Sjølv om vatnet står høgt over sine breidder er ho ikkje redd for huset.
— Eg er mest redd for at det skal grava seg inn under plenen, seier ho.
Storflaum
Prestabekken er ein utsett bekk som renn parallelt med Etneelva. Flaum skjer med jamne mellomrom. Verst er det på våren.
— Det hender det er som dette eit par gonger i året. Regn i kombinasjon med snøsmelting er meir bekymringsfullt, seier Hjelmtveit.
LES ALLE ARTIKLAR OM EKSTEVÊRET HER: Ekstremvêret Jakob
Sjølv om dagens regnvêr har ført til flaum fleire stader langs bekken kan det ikkje målast med storflaumen for 20 år sidan. Då kunne ein padla kano på bøen like ved.
— I 2005 var det mykje meir. Då var det heilt ekstremt, minnest ho.
Bru under vatn
Eit steinkast frå huset i Sillavegen ligg eigedomen til Astrid og Ståle Sørheim. Dei må kryssa Prestabekken for å koma til gards, og i morgontimane denne regntunge dagen stod heile brua og deler av bøen under vatn.
— Det var innsjø på bøen tidlegare i dag. Det var skikkeleg gale, seier Astrid Trå Sørheim som måtte halda seg heime på føremiddagen grunna dei store vassmengdene.
— Tidleg i dag prøvde me ikkje å køyra over brua, seier ho.
Kvister, greiner og anna rusk og rask samlar seg i bekken når vatnet står høgt. Det kan føra til tette utløp og fare for ytterlegare heving av vasstanden. For å unngå tette utløp trengst det ein grundig opprydding. Sjølv ryddar ho og ektemannen sitt område som grensar til bekken, men for å sikra heile bekken trengst det ein felles ryddedugnad.
— Heile Prestabekken burde vore rydda for at vatnet skal få flyta fritt, seier ho.