Slik såg det ut då brannvesenet kom til ein oversvømt kjellar.
FOTO: HAUGALAND BRANN OG REDNING
Fekk 16 meldingar om vatn i kjellarar
Haugaland Brann og redning hadde fram til måndag ettermiddag fått 16 meldingar om folk som fekk vatn i kjellaren.
– Det er eit stort volum vatn som skal bort når det kjem nedbør og snøen smeltar. Det har nok vore mange fleire som har opplevd vatn i kjellaren sin det siste døgnet enn vi veit om, seier brannsjef i Haugaland Brann og Redning, Dag Botnen.
Han seier at problemet hovudsakleg oppstår fordi avløp og drenering, samt andre vassvegar, blir blokkerte av snø og is, seier Botnen.
– Kva kan ein gjere for å unngå oversvømming?