Feiring med open dag for påbygg nummer 200
Inne i verkstadhallen på industribedrifta MCE AS på Tongane i Etne står lastebilane og tankbilar på rekkje og rad. Ein av bilane har fått montert ny tank, medan eit par av køyretøya er i ferd med å få nytt tilpassa plan for monteringa av kran. Sidan 2014 har bedrifta spesialisert seg på skreddarsydde påbygg av større bilar, og nyleg rulla dei ut bil nummer 200 i rekkja.
— Det går mest i kranbilar. Me monterer og lagar plan som kranen skal monterast på, fortel avdelingsleiar Daniel Holten.
Bilane som kjem inn til verkstaden består som oftast berre av førarhytte med hjul, og så er det opp til MCE å laga fundament for kran eller kasse. God planlegging og dyktige handverkarar trengst for å ferdigstilla bilane, og på påbyggavdelinga er 15 personar i full sving året rundt for å levera varene etter kunden sitt ynskje.