Feiring med folkefest i Ølen sentrum
Trass litt skumle vêrutsikter på førehand var det robust opphaldsvêr å finne, midt på dagen i Ølen. Etter å ha klippa snor på beredskapssenteret oppe ved europavegen i eitt-tida, var ordførar Ole Johan Vierdal nede på det nye kultur- og læringssenteret Sjøperlo» klokka tre for å gjere det same. Her krydde det verkeleg med folk i og utanfor dei nye lokala, samt i den like nye aktivitetsparken, der entusiastiske ungar ga dei nye lekeapparata ein skikkeleg stresstest.
— Gratulera med dagen! Det er utruleg stas å sjå så mykje folk her i dag. Dette er ein stor dag for Vindafjord, og eg trur at 28. september vil vere ein merkedag i kommunen si historie, som det vil gå gjetord om i hundre år framover, innleia ordførar Vierdal med i talen inne på Sjøperlo.
Bygget og parken utanfor, som omtrentlig har kosta høvesvis 61,2 og 11 millionar, hadde i kombinasjon klart å imponere ordføraren over forventning, trass høge forventningar i utgangspunktet.