Aril Schøld (t.v.) og Tor Øyvind Skeiseid heidrar dei frivillige med eit show på Sjøperlo i Ølen.Foto: Geir Landa
Aril Schøld (t.v.) og Tor Øyvind Skeiseid heidrar dei frivillige med eit show på Sjøperlo i Ølen.

Feirar det frivillige arbeidet

Vindafjord Frivilligsentral feirar dei mange eldsjelene med eit gratis arrangement i Sjøperlo. Duoen Ryfylke Livsgnist bidrar med underhaldning med eit spesialskrive stykke. Eit skråblikk på begeistring og verv, dugnad og slitasje i den frivillige kvardagen. Det er essensen i programmet som Tor Øyvind Skeiseid og Aril Schøld presenterer i Ølen kulturhus onsdag denne veka.

— 2022 er utpeikt til frivilligåret i Noreg. Det har faktisk Stortinget bestemt. Ja, kva hadde Noreg vore utan den frivillige innsatsen? Tor Øyvind Skeiseid og Aril Schøld feirar det frivillige engasjementet med sitt spesialskrivne stykke: Heftig & frivillig. Med humor, musikk, funderingar, alvor, positivitet og ettertanke tar dei to deg med i eit skråblikk på frivilligheita sine opp- og nedturar, seier Nina F. Frøyland i Vindafjord Frivilligsentral.

Aril Schøld og Tor Øyvind Skeiseid er begge over middels engasjerte på frivillig basis. Idrettslag, kor, sundagsskule, ungdomsarbeid og all slags organisasjonsarbeid har prega deira liv. Aril mottok kulturprisen for Randaberg kommune i 2017, medan Tor Øyvind fekk Finnøy kommune sin kulturpris fem år tidlegare. Saman turnerte dei i 2021 med Haugespor, eit jubileumsspel om Hans Nielsen Hauge, ein pioner når det gjaldt å engasjera menneske.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS