Lesaren melder
Feira sjølvstendedagen
Flyktningane i Vindafjord og Etne markerte Ukrainas sjølvstendedag i Ølen søndag 24. august. Ølen sanitetslag opna lokalet i Helsehuset Ølen, slik at dei kunne laga til ei sosial samling der.
Nataliia Cherviakova var drivkrafta bak arrangementet, og hadde førebu seg godt på markeringa, med tale, allsong og konkurransar. Mange var pynta i nasjonaldrakta Vyshivanka. Ho formidla ein lysbiletserie med musikk frå det kjære heimlandet Ukraina – bilete som viste glede, frukt- og kornavlingar og eit blomsterhav i dei vakraste fargane. Dette stod i sterk kontrast til det som skjer i heimlandet no.
Rundt 50 personar, busette både i Vindafjord og Etne, møtte opp til markeringa – frå den minste på 3 år til den eldste i 70-åra.
For oss nordmenn som fekk dela tida saman med dei, var kanskje det sterkaste augeblikket då alle reiste seg og song den ukrainske nasjonalsongen.
Det er godt å kunna dela slike augeblikk med kvarandre, og det er godt å kunna stilla opp når medmenneske treng det.
Anne Tone Salte Andersen, leiar Ølen Sanitetslag