Det kostar å lysa og varma opp hallen. Etne IL-leiar Erling Bjarte Rullestad håpar på billigare straum og meir aktivitet i 2022. Foto: Svein-Erik Larsen
Etne IL og leiar Erling Bjarte Rullestad er blant idrettslaga som har fått høge straumrekningar i det siste.

Får over 200.000 kroner å dele ut

Etne kommune har motteke kr. 206.850 til fordeling på frivillige organisasjonar som har hatt høge kostnader til straum på hus og anlegg for desember og januar.

Publisert Sist oppdatert

Dette melder kommunen på sine nettsider.

Pengane kjem i forbinding med straumstøtteordninga til frivillige organisasjonar. Målet med tilskotsordninga er å motverka at dei høge straumprisane fører til redusert aktivitet og høgare deltakaravgifter i frivillige organisasjonar.

Som Grannar omtalte i januar har fleire idrettslag opplevd ein kraftig auke i straumutgifter. Blant anna hadde Etne IL ein auke i straumkostnadane sine i 2021 på mellom 100.000 og 120.000 kroner, mens kostnadane meir enn tredobla seg for Skånevik Kultur- og Idrettshall i november og desember kontra same tid året før.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS